Kva gjer eg om det vert varsla streik?

Lønsoppgjeret i staten er til mekling hos Riksmeklaren. Meklinga varer til midnatt 23. mai. Om Riksmeklaren ikkje får partane til å einast, kan det verte streik.

 Når startar ein eventuell streik? 

Plassfråtreding eller streik kan tidlegast skje  24. mai 2022 klokka 00.01. I praksis frå klokka 06.00, 24. mai 2022. 

Om meklinga går på overtid, vert fristen utvida. Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) vil då varsle, via fagdepartementa, om det konkrete tidspunktet for eventuell streik. 

Streikeberedskap for arbeidsgjevarar 

KDD har lagt ut informasjon om streikeberedskap på sidene sine om lønsoppgjeret. Her finn du protokoll for dispensasjon frå varselet om plassfråtreding for arbeidstakarar.

Departementet vil sende ei personalmelding om korleis arbeidsgvar skal handtere arbeidskonfliktar om det vert streik.

KDD har også utarbeidd retningslinjer for korleis verksemdene skal opptre i Arbeidskonfliktar i staten.

Som arbeidsgjevar bør du setje deg inn i dokumenta no. Verksemda bør lage ein plan for kva de skal gjere dersom det vert streik. Dette står det meir om i kapittel 2.1 i Arbeidskonfliktar i staten.

  • Planen må  lagast til verksemda, og forankrast i verksemda med ein gong det kjem signal om eit mogleg brot og streik.
  • Dersom det vert streik, er det viktig å etablere eit godt samarbeid med dei hovudtillitsvalde om korleis leiinga kan ha ein ryddig dialog under streiken. Gå gjerne gjennom planen og ver tydeleg på korleis leiinga planlegg å opptre under ein eventuell streik.
  • Hugs god og sakleg informasjon til alle. Både tilsette som vert tekne ut i streik, og tilsette som ikkje vert tekne ut, vil ha behov for informasjon.
  • Hugs å informere brukarar om at streik kan påverke tenestene til verksemda.

 

Oppdatert: 6. juli 2022

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.