Arbeidsgivarrådet

Arbeidsgivarrådet skal bidra til å styrke rolla til verksemdene og ansvaret verksemdene har for å utvikle og gjennomføre den statlege arbeidsgivarpolitikken.

Arbeidsgivarrådet skal gi Kommunal- og distriktsdepartementet betre informasjon og meir kunnskap om verksemdene. Rådet skal fremje interessa til verksemdene, styrke gjennomføringa av arbeidsgivarpolitikken i staten, og gi råd til departementet.

Samansetjing av Arbeidsgivarrådet

Leiar i rådet, nestleiar og medlemmene vert valde av Kommunal- og distriktsdepartementet.

Rådet er satt saman av 15 statlege verksemdsleiarar. Samansetjinga av rådet skal spegle mangfaldet av statlege verksemder.

Desse er med i rådet

Ny leder: Seunn Smith-Tønnessen, UiA

Ny nestleder: Rolf Gunnar Jørstad, Norsk pasientskadeerstatning

Pål Molander, Stami

Trond Rønningen, Forbrukertilsynet

Thorbjørn Thoresen, Forsvarsbygg

Øystein Børmer, Tolletaten

Christine Wilberg, Sekretariatet for konfliktrådene

Hanna Geiran, Riksantikvaren

Gina Lund, Statsforvalteren i Agder

Øystein Vidar Lund, Kulturtanken

Anne Marie Glosli, Landbruks- og matdepartementet

Geir Samuelsen, Justervesenet

Kjetil Lund, NVE

Ingrid Dahl Hovland, Statens vegvesen

Bård Vegar Solhjell, Norad

Sekretariatet til Arbeidsgivarrådet ligg i DFØ. Har du saker du ønskjer rådet skal få vete om, kan du kontakte sekretariatet:

Seniorrådgiver Marianne Jørgensen
E-post
marianne.jorgensen@dfo.no

Oppgåvene til Arbeidsgivarrådet

  • Aktivt bidra til å utvikle den statlege arbeidsgivarpolitikken
  • Auke kunnskapsgrunnlaget hjå den sentrale arbeidsgivarfunksjonen
  • Drøfte viktige problemstillingar rundt korleis arbeidsgivarrolla skal utøvast i staten og gi samordna tilbakemeldingar
  • Gi tilbakemeldingar på rolla til KDD som sentral statleg arbeidsgivarfunksjon, på rolla til DFØ og rolla til dei lokale arbeidsgivarane i staten
  • Fremje interessene til verksemdene på eige initiativ ovanfor Kommunal- og distriktsdepartementet
  • Arbeidsgivarrådet skal ikkje vere sakshandsamings- eller klageorgan for verksemdene, men rådet kan orienterast om saker av prinsipiell eller overordna karakter.

Slik jobbar Arbeidsgivarrådet

Rådet har valt møter som si arbeidsform. Det vert ført referat frå møta. Arbeidsgivarrådet har møte minimum fire gonger i året.

Rådet er underlagt forvaltningslova, offentleglova og arkivlova. Eventuell usemje i rådet skal kome fram i referat, og ulike syn skal verte formidla til Kommunal- og distriktsdepartementet.

Kommunal- og distriktsdepartementet skal orientere rådet om aktuelle saker, og sende rådet saker som gir høve til reell innverknad.

Arbeidsgivarrådet skal, når det er naudsynt, involvere og halde statlege verksemder orientert om arbeidet.

I 2019 vart Arbeidsgivarrådet evaluert.

Evalueringsrapporten finn du her (regjeringa.no)

Saker Arbeidsgivarrådet har jobba med i 2021

  • Arbeidsgjevarstrategien i staten – oppfylging av delmåla
  • Arbeidsgjevarpolitiske utfordringar som fylgje av pandemien
  • Mellomoppgjeret
  • Særavtalar til reforhandling
  • Stadsuavhengig arbeid i staten
  • Medarbeiderundersøkinga i staten
  • Leiarlønsordningane i staten

Bakgrunn for Arbeidsgivarrådet
  • Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) har den sentrale arbeidsgivarfunksjonen i staten og ansvar for å utforme den statlege arbeidsgivarpolitikken.
  • Som eit ledd i ei ny strategi for ein offensiv statleg arbeidsgivarpolitikk, vart det i 2016 nedsett eit interimsråd for å sjå på korleis ein kunne profesjonalisere arbeidsgivarrolla i staten.
  • Interimsrådet foreslo å opprette eit råd av statlege arbeidsgivarar for å ivareta interessene til verksemdene. Kommunal- og distriktsdepartementet stifta Arbeidsgivarrådet i 2017. Arbeidsgivarrådet er eitt av fleire tiltak for å styrke og profesjonalisere den statlege arbeidsgivarfunksjonen.

Vedtekter for Arbeidsgivarrådet  (regjeringen.no)

Rapporten til interimsrådet (PDF)  (regjeringen.no)

Tidlegare arbeid - diskusjonsnotater rundt hovudavtalen

Oppdatert: 13. januar 2022

Kontakt

Fant du det du lette etter?

Det beklager vi!

Hva lette du etter? Bruk gjerne stikkord