HR-analysar

For å ta gode beslutningar i verksemda, bør du ha eit godt kunnskapsgrunnlag og oversikt over tilsette, kompetanse og løn.

Oversikt over tilsette fordelt på avdelingar, kompetanse og løn er ofte gode grunnlagsdokument når du til dømes skal drive omstillingsarbeid i verksemda.

HR-rapportar vert utarbeida i samband med lokale lønsforhandlingar, rapportering av sjukefråver og turnover. Om du jevnleg tek ut personaldata, kan du lage gode analysar over utviklingstrekk innan HR. 

Kom i gong med HR-analysar

I tillegg til regelmessige rapportar innan løn og sjukefråvær, vil det vere nyttig for mange verksemder å utarbeide kunnskapsgrunnlag og analysar som gir oversikt over kompetansen som trengs framover. Dette gjeld ikkje minst under omstilling. Aktuelle spørsmål kan vere:

  • Kva er den avgjerande kompetansen i verksemda di no og i framtida?
  • Kva er turnover og demografi på den avgjerande kompetansen?
  • Kva utfordringar er det i arbeidsmarknaden på kompetanse de treng i dag og i framtida?

Bruk medarbeidarmålingar og evalueringar

Medarbeidarmålingar, til dømes medarbeidarundersøkingar, tar temperaturen på det indre liv i organisasjonen.

Her får du tal og analysar som bør koplast saman med andre HR-data. Dette er viktig styringsinformasjon, som seier mykje om utfordringsbiletet til verksemda. Til saman dannar dette eit godt grunnlag for avgjersler og tiltak for å utvikle organisasjonen og menneska i den.

HR-rapportar bør samanstillast med annan styringsinformasjon. Under ser du eit døme på korleis HR- data kan setjast saman med andre styringsparamenter i verksemda.

HR-analysar i en virksomhet, eit døme

HR-analyser i en virksomhet, eit døme
Mål for verksemda Datakilde Data Analyse
Vi skal redusere risikoen for å miste naudsynt kompetanse HR-data Turnover, sluttårsak Hva er de tre hyppigste sluttårsakene?
  HR-data Medarbeidardemografi (alder, kjøn, kompetanse) Kven risikerer vi å miste?
  HR-data Medarbeidarundersøking Analyser av arbeidsmiljø, leiing med meir
  Data frå ulike område av verksemda, til dømes økonomi og andre fagavdelingar Brukartilfredsheit Måloppnåinga til verksemda
  Data frå ulike område av verksemda, til dømes økonomi og andre fagavdelingar Produktivitet og kvalitet Omstillingsevna til verksemda

Råd til deg som skal jobbe med HR-data

Oppdatert: 15. desember 2023

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.