Sjukefråvær

Når ei tilsett vert sjukemeldt, er det visse reglar som skal følgast.

Dei fleste sjukefråvær er korte, og treng inga spesiell oppfølging. Men i nokre tilfelle så varer sjukemeldinga over lengre tid.

I slike tilfelle må du som leiar lage ein oppfølgingsplan saman med den sjukemeldte. Som næraste leiar kan du ikkje delegere oppfølgingsansvaret til andre i verksemda, om det ikkje er snakk om reine administrative oppgåver.

Lovpålagt oppfølgingsplan

Ei oppfølgingsplan skal:

Vurdere oppgåvene og arbeidsevna til arbeidstakar 

Konkretisere kva som er aktuelle tiltak i regi av arbeidsgivar[

Be om bistand, til dømes frå bedriftshelseteneste og NAV

Plan for vidare oppfølging

Kjelde: Arbeidstilsynet

Oppfølgingsplanen er lovpålagt, og skal konkret fortelje korleis den sjukemeldte skal kunne gjere arbeidsoppgåvene igjen.

Start tidleg med oppfølgingsplanen

Oppfølgingsplanen skal vere utarbeidd seinast fire veker etter levert sjukemelding. Den skal reviderast etter behov undervegs i løpet av sjukefråværet, mellom anna i samband med dialogmøte.

Du skal uoppfordra sende planen til personen som har sjukemeldt arbeidstakaren. For verksemder som bruker digital sjukemelding, gjer du dette via NAV sine sider.

Å tilrettelegge kan vere:

Fysisk eller ergonomisk tilrettelegging

Endring av arbeidstid, tidskrav, tempo

Omorganisering av arbeidet, rutinar eller funksjonar

Omplassering til eit anna arbeid

Anskaffing/tilpassing av teknisk utstyr

Endring/nye arbeidsoppgåver

Opplæring/omskulering

Å legge til rette for arbeidstakar

Som leiar skal du sette opp realistiske og konkrete tiltak som kan gjere det mogleg for arbeidstakar, delvis eller heilt, å gjere arbeidsoppgåvene sine. Om arbeidstakaren ikkje kan gjere sine vanlege oppgåver, skal du sørge for at arbeidstakar får andre arbeidsoppgåver, så langt det lar det gjere.

Har den sjukemeldte nokre plikter?

Den sjukemeldte må forsøke seg i arbeidsrelatert aktivitet under heile sjukefråværet, så framt ikkje medisinske grunnar tilseier at dette ikkje er mogleg.

Den sjukemeldte må:

  • samarbeide og medverke aktivt til å finne løysingar for å kome raskt tilbake i arbeid
  • utarbeide og gjennomføre oppfølgingsplan saman med leiaren
  • delta på dialogmøte med arbeidsgivar, NAV og i nokre tilfelle den som har sjukemeldt.

Som hovudregel pliktar alle sjukemeldte å ta imot tilbod om utgreiing, behandling, tilrettelegging og tiltak.

Dialogmøte

Ved sju vekers fråvær, må du som arbeidsgivar invitere arbeidstakar til dialogmøte der de diskuterer planen for oppfølging.

For arbeidstakarar som er delvis sjukemeldte, skal møtet haldast når arbeidsgivar, arbeidstakar eller sjukemeldar synast det har eit føremål .

Arbeidstakaren kan ha med seg verneombod eller tillitsvald på møtet viss han eller ho vil det .

Aktivitetsplikt ved åtte vekers sjukefråvær

Både arbeidsgivar og den sjukemeldte må vere klar over kravet om at den sjukemeldte skal forsøke seg på arbeidsrelatert aktivitet gjennom heile sjukefråværet.

Viss det ikkje er mogleg å legge til rette for aktivitet på arbeidsplassen, må du som arbeidsgivar dokumentere dette i plan for oppfølging. Den sjukemeldte er også fritatt for dette kravet om det er openberre grunnar til at det ikkje lar seg gjennomføre.

NAV vurderer om aktivitetsplikta er oppfylt etter åtte veker.

Når arbeidstakaren har vore sjukemeldt i 26 veker, skal NAV kalle inn til eit møte. Dette møtet må du som arbeidsgivar stille på. Du må også sørge for at NAV får ein oppdatert oppfølgingsplan seinast ei veke før dialogmøtet.

Sjukdom og løn for personar over 67 år

Sjukefråvær - reglar, oppfølging og statistikk

Oppdatert: 20. september 2022

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.