For at medarbeidarundersøkinga skal bli så representativ som mogleg, er det viktig å få ein høg svarprosent.
For at medarbeidarane skal sjå nytta i å svare er det viktig at dei forstår formålet og hensikta med undersøkinga.
De må også informere godt om det praktiske kring undersøkinga.
Toppleiar har ei viktig rolle i arbeidet
Toppleiaren i verksemda bør gi informasjon om medarbeidarundersøkinga i forkant, gjerne same dag som den vert sendt ut. La toppleiaren understreke at dette vert prioritert, sei noko om formålet med undersøkinga, og kvifor det er viktig at alle svarar.
Legg praktisk informasjon om undersøkinga på intranett eller i ein annan eigna informasjonskanal. Praktisk informasjon kan for eksempel være:
- kontaktperson for spørsmål om undersøkinga og teknisk støtte
- kor lang tid det tek å svare på undersøkinga
- informasjon om kven som mottek og handterarr svara
- informasjon om anonymitet
- dato for når undersøkinga vert avslutta
- tidspunkt for tilbakemeldingsmøte
Tips til den som har ansvaret for undersøkinga
- Send undersøkinga ut til alle tilsette
- La undersøkinga vere open to til tre veker.
- Send to purringar i løpet av perioden
- Bruk intranett og andre kanalar for å skape engasjement om undersøkinga.
- Spel på leiarane slik at dei viser medarbeidarane at undersøkinga er ei prioritert oppgåve.