Les om kva det vil seie å ha ein lærling i innhaldsproduksjon, oppgåver som passer og kor i verksemda lærlingen kan jobbe.
Innhaldsproduksjonsfaget handlar i stor grad om å utforme innhald i produksjonar tilpassa dei digitale flatane verksemda bruker, og om å finne nye måtar å formidle bodskapen til brukarane på.
Lærlingane kan jobbe med produksjon til ulike kanalar, til dømes sosiale media, film, e-læringskurs og nettsider.
Oppgåver til lærlingen
Lærlingane skal få erfaring med og delta i oppgåver som å skrive eit bodskapsnotat og med å utvikle idear og gjennomføre konsept.
Dei kan òg utføre etterarbeid, marknadsføring og evaluering.
Lærlingar i dette faget må få kjennskap til lovverk, som universell utforming og åndsverklova. Dei bruker dei same arbeidsmetodane og kreative prosessane til verksemda.
I løpet av læretida skal òg lærlingen få erfaring med arbeidslivet og det å vere ein tilsett.
Kva avdeling kan lærlingen jobbe i?
Lærlingar i innhaldsproduksjonsfaget kan jobbe i ei kommunikasjonsavdeling.
Nyttig ressurs på tvers i verksemnda
Ein lærling i innhaldsproduksjonsfaget vil vere ein nyttig ressurs når det gjeld å produsere og koordinere både større og mindre produksjonar i verksemda på ulike flater.
Lærlingen skal jobbe på tvers med fagpersonar med ulik kompetanse for å oppnå eit godt resultat.
Intern opplæringsplan
Alle fag har ein eigen læreplan. OK stat har laga eit døme som du kan bruke når du skal lage ein intern opplæringsplan for lærlingen i verksemda di.
Støtte frå OK stat
Opplæringskontoret OK stat støtter statlege verksemder i å rekruttere lærlinger og følge dei opp.