Arbeidsgjevarrådet september 2021

Arbeidsgjevarrådet hadde møte 10. september 2021. Desse sakene stod på dagsorden:

  • Orienteringssaker frå departementet. KMD orienterte om arbeidet med kompetansemålet i arbeidsgjevarstrategien, relevante forhandlingssaker, utvalsoppnemningar og saker på høyring.
  • Arbeidsgjevarstrategien i staten. KMD ba om innspel på vidareutviklinga av rådgjevingstenestene i DFØ, og rådet ga sine innspel til dette.
  • Forslag til retningsliner for stadsuavhengig arbeid i staten. Rådet diskuterte forslaget og utarbeidde grunnlag for tilråding til KMD. Mellom anna peika rådet på at det er nødvendig at retnignslinene er tydelege, utan for mykje rom for tolking, og at det blir tydeleg kva som er skilnaden på stadsuavhengig arbeid og heimekontor.
  • Aktuelle særavtalar som skal forhandlast hausten 2021. KMD orienterte om aktuelle forhandlingar, og rådet ga sine innspel.

 

Publisert: 23. september 2021 Oppdatert: 1. desember 2021

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.