Endring i skatt på gåver til tilsette

Det er hyggeleg å gi gåver til tilsette ved ulike jubileum og til dømes jul. Frå 1. 1. 2019 vert det nye skattereglar for gåver til dei tilsette.

Det er i stor grad opp til statlege arbeidsgivarar kva dei ynskjer å gi av gåver til dei tilsette. Dei fleste arbeidsgivarar er nokså nøkterne.

I statens personalhandbok 10.9.3 står det at det er den einskilde verksemda som fastsett reglar når det gjelder merksemd ved ulike jubileum.

Frå nyttår vert det ei endring i skattelegging av naturalytingar, blant anna gåver. Statlege verksemder bør revidere reglane sine for gåver slik at endringane ikkje kjem overraskande korkje på leiarar eller tilsette.

Skatt vert regulert i Forskrift til utfylling og gjennomføring mv. av skatteloven av 26. mars 1999 nr. 14 og meir speifikt i § 5-15-1 Gaver i ansettelsesforhold.

Døme på endra reglar:

Tenestetid i verksemda

  • No: 25, 40, 50 og 60 år med kr 8 000
  • Ny: 20 år og kvart tiande år kr 8 000

Jubileumsgåver

  • Aukar frå kr 3 000 til kr 4 000

Gjeld tilsette som gifter seg, fyllar runde år frå 50, sluttar etter minst 10 år eller går av med pensjon og når verksemda har bestått i noko som kan delast med 25.

Premie for gode forslag

  • No: 2500 kronar
  • Ny: Vert oppheva

Andre gåver

  • No: kr 1 000 utan fråtrekksrett
  • Ny: kr 1 000 med fråtrekksrett
Publisert: 29. november 2018

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.