Oslo Economics har undersøkt korleis 10 statlege verksemder har arbeidd med rapportering om likeløn i årsrapportane for 2021. Rapporten gjer gode anbefalingar for korleis verksemder kan ta arbeidet vidare.
Rapporten om statlege verksemders rapportering om likeløn, er laga på oppdrag frå Kommunal- og distriktsdepartementet og partane i staten. Rapporten blei lagt fram på partanes frukostseminar om likelønnskartlegging i staten 26. august.
Sjå opptak frå seminaret:
Meir bevisstheit om likestilling og likeløn
Rapporten viser at arbeidet med kartlegginga har ført til meir bevisstheit om likestilling og likeløn i verksemdene.
Anbefalingar om god kartlegging av likeløn
Oslo Economics (OE) har følgt ti statlege verksemder i arbeidet med å gjennomføre ei likelønskartlegging. Dei har observert og analysert korleis arbeidet er gjennomført og har vore diskusjonspartnar for verksemdene undervegs. Rapporten gir verksemdene anbefalingar for korleis dei bør arbeide for å kartlegge likeløn på ei god måte.