Endringar i forskrift til statstilsettelova er på høyring. Endringane skal gjere det enklare for arbeidsgjevarar å nå måla for inkluderingsdugnaden.
Statlege verksemder har gitt departementet tilbakemelding om at det er utfordringar i arbeidet med inkluderingsdugnaden, blant anna på grunn av statstilsettelova. På bakgrunn av dette er endringar i forskrifta til statstilsettelova no på høyring.
Arbeidssøkarar med nedsett funksjonsevne og hol i CV-en representerer verdifull kompetanse og arbeidskraft. Regjeringa ønskjer at fem prosent av alle nytilsette, både i førebels og faste tilsettingar, skal vere personar innan denne målgruppa.
I lenka under kan du lese dei ulike drøftingane og forslaga som no er på høyring.
Høyring: Endringar i forskrifta til statstilsettelova (regjeringa.no)
Som utdrag kan vi nemne at regjeringa i høyringsnotatet legg spesiell vekt på personar med hol i CV-en, og foreslår at søkjarar med hol i CV-en skal handsamast på same vis som søkjarar med nedsett funksjonsevne.
Det inneberer at
- Minst ein søkjar med hol i CV-en skal innkallast på intervju
- Søkjarar med hol i CV-en kan tilsetjast dersom han eller ho er tilnærma like godt kvalifisert som den best kvalifiserte søkjaren.
- Personar med hol i CV-en kan søkje på Traineeprogrammet i staten, som tidlegare berre var for personer med nedsett funksjonsevne. Traineestillingane er førebels tilsetjingar og det vert også foreslått at det skal gjerast mogeleg for arbeidsgjevar å tilsette traineen fast utan offentleg kunngjering etter at traineeperioden er over.
I tillegg drøftar høyringsnotatet sjølve definisjonen på omgrepet «hol i CV-en», og om arbeidsgjevarar skal få høve til å tilsette arbeidstakarar med lønstilskot utan offentleg kunngjering.
Frist for høyringa om endringar i statstilsettelova er 14 .august.
I arbeidet med inkluderingsdugnaden har regjeringa fått laga ei nullpunktsmåling:
Tiltak for enklare inkludering i staten (regjeringa.no)
Her finn du korleis inkluderingsdugnaden fungerer i dag: