Slik er IA-avtalen

Sterk satsing på førebyggande arbeidsmiljøarbeid, målretta tiltak mot einskilde bransjer, kompetansetiltak og utvida eigenmelding er blant tiltaka i IA-avtalen.

IA-avtalen har to overordna mål

  • Sjukefråveret skal reduserast med 10 prosent samanlikna med årsgjennomsnittet for 2018.
  • Fråfallet skal reduserast.

For å oppnå måla i IA-avtalen:

  • Arbeidslivssenter: Arbeidslivssentra skal vere verkemiddel for alle. Verksemdene får behalde kontaktpersonen sin på NAV Arbeidslivssenter fram til dei blir erstatta av nye digitale løysingar.
  • Tilskot til ekspertbistand: Det er etablert eit tilskot til ekspertbistand. Dette blir forvalta av NAV Arbeidslivssenter (ALS). Tilskota skal vere til ekspert­bistand i einskilde saker med lange og/eller ofte gjentakande sjukefråvær. Tilskotet blir avgrensa til situasjonar der dokumenterte bedriftsinterne tiltak og andre offentlege støtteordningar har vore utprøvde. Arbeidsgjevar, NAV Arbeidslivssenter og den einskilde arbeidstakar må vere samde om at det er formålstenleg med ekstern ekspertbistand for å finne løysingar.
  • Målretta innsats: Innsatsen blir målretta mot bransjar og sektorar som har potensial for redusert sjukefråvær. Det er sett eigne mål for prioriterte bransjar fordi avtalen erkjenner at det er ulikskapar i bransjar i det norske arbeidslivet
  • Førebyggande arbeidsmiljøarbeid: Førebyggings- og tilretteleggingstilskottet, som har lege i tidlegare IA-avtaler, er fjerna. Dei årlege midla til tilskottet er fordelt på verkemidla i avtalen. Det blir mellom anna oppretta ein ny nettportal under Arbeidstilsynet som skal rette seg mot dei ulike bransjane og utfordringane som er unike for kvar bransje
  • Kompetansetiltak: Utfordringa er gjentakande, ofte langvarige sjukefråvær.  I dei tilfella ein på eit tidlegare tidspunkt veit at personen ikkje kan koma tilbake i same jobb, skal det setjast i gang kompetansetiltak, og heller satsast på omskolering og etterutdanning.
  • Utvida eigenmelding: Automatikken i at arbeidstakarar i tidlegare IA-bedrifter har hatt utvida eigenmelding fall bort i den gjeldande avtalen. Kommunal- og moderniseringsdepartementet anbefalte alle statlege verksemder å ta i bruk ordninga etter drøfting med dei tillitsvalde. Dette er gjennomført hjå dei fleste. Rett til utvida eigenmelding blir sett som eit av tiltaka i det systematiske arbeidet med sjukefråvær.

Då avtalen blei inngått sa dåverande kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland dette:

- På vegne av staten som arbeidsgjevar, vil eg takke for ein ny, moderne og spissa avtale som er opptatt av å få ned sjukefråvær og at færre arbeidstakarar fell ut. Det er viktig for kvar tilsett og vår framtidige berekraft. Dette arbeidet skjer først og fremst lokalt, og det er viktig å legge til rette for det.

Publisert: 18. desember 2018 Oppdatert: 4. november 2022

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.