I tildelingsbrevet til DFØ for 2021 ligg fleire oppdrag som styrke tilbodet til medarbeidarar og leiarar i staten.
- DFØ skal saman med KMD vere ein sentral pådrivar i arbeidet med å fylgje opp arbeidsgjevarstrategien. Målområda kompetanse, omstilling og arbeidsgjevarrolla skal vere førande for utvikling av tenester i strategiperioden.
- DFØ skal fylgje opp tiltaka fra innovasjonsmeldinga til regjeringa på sine fagområde. Organisering, leiing og styring er viktige verkemiddel for å auke innovasjonstakta i offentleg sektor. Dette arbeidet skal gjerast i tett samarbeid med andre aktørar på feltet.
- Plan for utviklingstilbod til statlege leiarar
- Styrke og vidareutvikle arbeidsgjevarstøtta
- Vidareutvikle kompetansetilbodet til medarbeidarar i staten
- Støtte til statlege verksemder i arbeidet med inkluderingsdugnaden
- Vidareføre traineeprogrammet i staten med kontinuerleg opptak for personar med nedsett funksjonsevne
Involvering av HR og leiarar
For enkelte oppdrag er det aktuelt å innhente synspunkt og brukarinnsikt frå HR og leiarar i statlege verksemder. Om du vert invitert til å delta, set vi stor pris på om du bidreg slik at nye tilbod i størst mogeleg grad ivertek dei behova som verksemdene har.
Vi kartlegger fremtidens kompetansebehov: Spørreundersøkelse om kompetansebehov og tilbud i staten