Les om kva det vil seie å ha ein lærling i IT-drift, oppgåver som passer og kor i verksemda lærlingen kan jobbe.
IT-driftsfaget handlar om å lære seg korleis ein driftar stabile, sikre og effektive IT-tenester i ei verksemd.
Det handlar også om å drive brukarstøtte, og å kunne hjelpe kollegaer på arbeidsplassen med utfordringar innanfor IT.
Faget skal vidare bidra til auka forståing av korleis teknologi opnar for nye måtar å kommunisere og samhandle på.
Oppgåver til lærlingen
Ein lærling i dette faget skal få erfaring med ny teknologi og kjennskap til korleis IT vert nytta som verktøy og som løysing på praktiske arbeidsoppgåver.
Dette kan vere å gi tilgangar og løyve til skrivarar og serverar for brukarar, hjelpe kollegaer med problem dei har på arbeidsstasjonen, og hjelpe til med å sette opp digitale møte og webinar.
Typiske oppgåver for ein lærling i IT-driftsfaget er
- brukarstøtte
- installasjon av nye system
- administrere løyve og tilgangar på serverar
- installere operativsystem på nye arbeidsstasjonar
- trådlause nettverk og nettverk generelt
- utarbeide brukarrettleiingar
- halde kurs for nytilsette
- gjere enkle innkjøp av utstyr
- vere teknisk assistent på møte og seminar
Lærlingen vil få kunnskap om å designe og drifte IT-løysingar som tar hand om tryggleik, personvern, brukarvenlegheit og tilgjengelegheit til nødvendige tenester.
Gjennom arbeid med design og drift av IT-tenester bidreg faget også til å utvikle kunnskap om etikk og gjeldande lovverk.
I løpet av læretida skal også lærlingen få erfaring med arbeidslivet og det å vere ein tilsett.
Kva avdeling kan lærlingen jobbe i?
Om verksemda har ei IT-driftsavdeling med brukarstøtte til dei tilsette, har de mange relevante oppgåver for ein lærling i IT-driftsfaget.
Viktig kompetanse
Norge vil ha et stort behov for IKT-kompetanse allereie i 2030. Om verksemda ønsker nok søkarar til IT-stillingar i framtida, må fleire bidra til å utdanne yrkesutøvarar innan dette feltet. Dette arbeidet startar no.
Ein lærling i IT-driftsfaget vil raskt kunne bidra aktivt i ei IT-avdeling og vere ei uunnverleg støtte i avdelinga.
Ein IT-driftsteknikar med fagbrev i IT-driftsfaget er attraktiv på arbeidsmarknaden og ein viktig medarbeidar i ei IT-avdeling.
Intern opplæringsplan
Alle fag har ein eigen læreplan. OK stat har laga eit døme som du kan bruke når du skal lage ein intern opplæringsplan for lærlingen i verksemda di.
Støtte frå OK stat
Opplæringskontoret OK stat støtter statlege verksemder i å rekruttere lærlinger og følge dei opp.