Les om kva det vil seie å ha ein lærling i sikkerheitsfaget, oppgåver som passer og kor i verksemda lærlingen kan jobbe.
Endringar i trusselbiletet og eit stadig sterkare krav til sikkerheit i samfunnet krev kompetanse om tiltak kring sikkerheit i ulike situasjonar.
Sikkerheitsfaget skal legge grunnlaget for yrkesutøving som kan forebygge og redusere konsekvensar av uønska hendingar som uhell, ulukker og kriminelle handlingar.
Oppgåver til lærlingen
Ein lærling i sikkerheitsfaget skal få jobbe med:
- Planlegging
- Operativt arbeid
- Rettleiing
- Dokumentasjon
- Kvalitetssikring
Opplæringa skal legge grunnlag for å utvikle kompetanse om:
- Risikovurderingar
- Tiltak kring sikkerheit
- Beredskap
- Konflikthåndtering
- Organisering av arbeidet på ein skadestad
Vidare skal lærlingen lære å bruke regelverk om etikk, helse, miljø og sikkerheit i arbeidet sitt.
Lærlingen skal og lære korleis ein møter behov kundar måtte ha og krav til lønsemd i verksemda.
Vektar eller sikkerheitsmedarbeider
Lærlingar i sikkerheitsfaget kan jobbe som vektarar eller sikkerheitsmedarbeidarar i verksemder som driv med vakthald.
Støtte frå OK stat
Opplæringskontoret OK stat støtter statlege verksemder i å rekruttere lærlinger og følge dei opp.