Traineeprogrammet i staten er eit rekrutteringsprogram som er oppretta for å utvikle mangfald det inkluderande perspektivet i personalarbeidet i staten. Programmet skal gi personar med nedsett funksjonsevne og/eller hol i CV-en relevant arbeidserfaring.
Staten som arbeidsgjevar ynskjer å nytte den kompetansen og arbeidskrafta som personar med nedsett funksjonsevne og/eller hol i CV-en har. Som arbeidsgjevar er det ein del av samfunnsoppdraget å jobbe for at arbeidsplassen skal vere ein mangfaldig og inkluderande plass. Traineeprogrammet i staten er eit av fleire verkemiddel i dette arbeidet som verksemdene kan ta i bruk.
Verksemdene som ynskjer å tilsette i programmet lyser ut ordinære, midlertidige stillingar eksklusivt til personar med nedsett funksjonsevne og/eller hol i CV-en, samt høgare utdanning.
Stillingane i programmet
Stillingane i traineeprogrammet kan vare i to år, med høve til forlenging i inntil eit år. Etter gjennomført program kan stillinga gjerast om til fast stilling, utan at ho må lysast ut på nytt.
Det er berre personar med nedsett funksjonsevne og/eller hol i CV-en som kan søkje på stillingane.
For meir om definisjoner og anna spørsmål, gå til:
På denne sida finn du ofte stilte spørsmål både frå arbeidsgjevarar og fra dei som vurderer om dei skal søkje ei traineestilling i staten. Spørsmål og svar skal vere eit tillegg til informasjonen som du finn på fagsidene, og er difor ikkje uttømmande.
Finne dei rette søkjarane
Mange statlege arbeidsgjevarar fortel at dei ikkje får søkjarar som kryssar av for at dei har nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en i søknaden.
For å bli vurdert som kandidat til stillingar gjennom traineeprogrammet, må personar krysse av eller verifisere på anna vis at dei er personar med nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en.
Forsking viser at arbeidsgjevarar som har eit velfungerande mangfald på arbeidsplassen ofte skapar eit betre klima for å samarbeide om effektive og innovative løysingar. I ei tid med stadig meir komplekse problemstillingar i arbeidslivet, er mangfald ein fordel. Programmet kan dermed gje verksemdene starthjelp for å koma i gang med å utvikle eit større mangfald på arbeidsplassen.
Støttemateriale til verksemdene
Ved å delta i programmet får statlege verksemder hjelp og støtte til å gjennomføre traineeperioden.
DFØ har utvikla e-læringskurs til den tilsette og til mentor for den tilsette.
Til den tilsette:
Den tilsette i traineeprogrammet skal ha gjennomført opplæringa i løpet av tilsettingsperioden.
Til mentor:
Ein tilsett som får mentorrolla overfor den tilsette i traineeprogrammet kan ta e-læringskurset for å bli trygg i rolla og for å kunne gje råd og rettleiing i samtaler med den tilsette.
Til leiar:
Gå til våre fagsider:
Lurer du på noe knyttet til lov- og avtaleverk, ta kontakt med Statens arbeidsgiverstøtte. Ønsker du melde inn en traineestilling, eller har spørsmål knyttet til rekrutteringspraksis, ta kontakt med Traineeprogrammet i staten.