Sjekkliste for evaluering av partssamarbeidet

Desember og januar er månadar kor mange arbeidsgivarar og tillitsvalde evaluerer partssamarbeidet. Samarbeid og medråderett er viktig for utvikling av verksemda og medarbeidarane.

Gjennom evaluering av samarbeidet kan de kan identifisere tiltak for forbetringar, og samstundes sørgje for at det gode samarbeidet held fram.

Ved å gå gjennom lista under kan partane enkelt kartlegge kva som kan forbetrast og kva som fungerer godt.

Evaluering av partssamarbeidet - sjekkliste
Evaluering av ramma rundt partssamarbeidet +/-
Vi har god kjennskap til aktuelt lov-og avtaleverk  
Vi har faste, avtala møtetidspunkt (eit årshjul).  
Vi har ei god sakliste.  
Vi mottek møtepapir i tilstrekkeleg tid på førehand.  
Vi får møtepapir med godt førebudde vedlegg.  
Vi har avklart fullmaktene og kven som skal delta på møte.  
Vi handterer ad hoc-saker som måtte komme.  
Vi bruker sjekklister og vurderingsskjema til å behandle saker.  
Vi evaluerer samarbeidet.  
Vi jobbar systematisk med å forbetre samarbeidet.  
Evaluering av samhandling mellom partane: +/-
Vi er opptekne av å bygge godt samarbeid.  
Vi jobbar målretta, strukturert og systematisk.  
Vi handterer usemje på en god måte.  
Vi forstår og respekterer kvarandre sine roller.  
Vi har ein open og ærleg kommunikasjon.  
Vi skil sak og person i våre diskusjonar.  
Vi er grunnleggande løysingsorienterte.  
Vi stiller oss bak avgjerder som vert tatt.  
Vi møter godt forberedt til møte.  

Sjekklista er frå Difi sitt nettkurs for HR og leiarar - «Samarbeid og medbestemmelse».

Publisert: 14. januar 2019 Oppdatert: 24. november 2022

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.