Sluttsamtale

Veit du som leiar kvifor tilsette i verksemda sluttar? Ein sluttsamtale kan fortelle deg kvifor.

Kunnskap om sluttårsakar er eit nyttig verkemiddel i arbeidet med å forbetre seg og unngå uønskt turnover.

Dette kan du spørje om i sluttsamtalen

Sluttsamtalar kan gjennomførast som elektroniske undersøkingar eller strukturerte intervju. På den måten får du både statistikk og god bakgrunnsinformasjon.

Spørsmål du kan stille i eit sluttintervju kan vere:

  • Kva har vore bra, og kva kan vi verte betre på?
  • Korleis opplever du arbeidsmiljøet her?
  • Korleis opplever du moglegheiter for kompetanseutvikling?
  • Korleis opplever du moglegheiter for karriereutvikling?
  • Kva er den viktigaste årsaka til at du sluttar?

Brukast til profilering og organisjonsutviklingstiltak

Informasjonen du hentar ut av desse intervjua kan brukast aktivt både til profilering og rekruttering. Vidare vil forbetringsområda gi deg grunnlag til å sette i verk relevante organisasjonsutviklingstiltak.

Gode medarbeidarsamtalar, god leiing, moglegheit for å få brukt sine evner og ferdigheiter, kompetanseutviklingstiltak og karriereplanar er andre viktige element i arbeidet med å unngå uønska turnover.

Få tips: Korleis lage eit godt program for karriereutvikling

Alumni 

Medarbeidarar som har slutta i verksemda kan vere verdifulle ambassadørar. Som arbeidsgjevar kan du legge til rette for å vedlikehalde relasjonen til dine tidlegare tilsette.

Alumni er eit omgrep som vert nytta når ein omtalar tidlegare tilsette som møter kvarandre i eit etablert nettverk.

Nettverket vert i hovedsak styrt av tidlegare arbeidsgjevar.

Å oppretthalde kontakten med tidlegare tilsette er nyttig og hyggeleg. Det kan også gi verdifull kompetanse tilbake til verksemda i form av re-rekruttering av medarbeidarar.

Oppdatert: 20. september 2022

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.