Intern plan for dataelektronikarfaget

Alle lærlingar blir følgde opp i verksemda gjennom ein intern opplæringsplan. OK stat har laga eit eksempel for Dataelektronikarfaget som de kan sjå til når de skal lage ein eigen plan.

Som regel er det fagleg leiar som følger opp og forvaltar den interne opplæringsplanen til lærlingen, men fagleg leiar bør få innspel frå andre om kva for oppgåver ein slik plan kan innehalde.

Eksempelet på intern plan frå OK stat inneheld veldig mange arbeidsoppgåver ein lærling kan gjere. Meininga er at du skal

• plukke ut oppgåver som passar for dykk
• fjerne oppgåver som ikkje er relevante
• leggje til oppgåver de kan tilby som ikkje står i OK stat sin plan

Førebuing til arbeidet med intern opplæringsplan

Under har vi lista opp nokre spørsmål og svar som er gode å ta med seg vidare i arbeidet med å lage ein intern opplæringsplan, særskilt med tanke på å tilpasse OK stat sitt eksempel på intern plan.

I arbeidet kan du bruke mal for opplæringsplan.

Eksempel på læreplan for dataelektronikarfaget

OK stat har laga eit eksempel på intern plan i dataelektronikarfaget, med mange arbeidsoppgåver knytt til kvart av kompetansemåla ein lærling skal gjennom i løpet av læretida. Her er det mange oppgåver å velje mellom, så vel dei som passar verksemda di best. 

Nokon av forslaga handlar om å forklare, reflektere over eller grunngje noko. Her må de sjølve konkretisere korleis lærlingen skal gjere dette, som for eksempel i eit møte, møte ein til ein eller gjennom å dokumentere arbeidet sitt. Metoden vel du altså sjølv, gjerne saman med lærlingen når han eller ho har starta. 

Installering og drift

Eksempel på produktområde kan vere IKT, AV, alarmanlegg, videoovervaking og IoT. 

Dersom lærling skal jobbe i IKT-avdeling, kan ein nytte mykje frå intern opplæringsplan for IT-driftsfaget.

Kompetansemål 1: Risikovurdere, planleggje, gjennomføre og dokumentere arbeidsoppdrag i programfaget installering og drift individuelt og i samarbeid med andre i tråd med gjeldande regelverk, og grunngi dei vala som er gjorde

Forslag til oppgåver:

  • Delta på planleggingsmøte for den daglege drifta i verksemda og ved installasjon av utstyr og system
  • Delta i vurdering av risiko ved arbeidsoppdrag
  • Gjennomføre og dokumentere arbeidsoppdrag
  • Lage brukarmanualar for nye løysingar
  • Planlegge og dokumentere oppsett og drift av klientar, serverar og andre nettverkseiningar
  • Dokumentere rutinane for kontroll, overvaking og oppdatering av utstyr og system
Kompetansemål 2: Utføre arbeid i programfaget installering og drift nøyaktig, effektivt og estetisk i tråd med gjeldande regelverk, standardar, rettleiingar, teknisk dokumentasjon og aktuelle kvalitetssikrings- og internkontrollsystem, og vurdere kvaliteten på eige arbeid

Forslag til oppgåver:  

  • Dokumentere og vurdere eige arbeid vekevis
  • Bli kjent med og vise til at arbeidet er utført i tråd med gjeldande lover og forskrifter, standardar og rettleiingar
  • Nytte verksemda sine eigne løysingar for dokumentasjon, arkivering og kvalitetssikring
  • Bli kjent med relevante lover og forskrifter, slik som personopplysningsloven, ekom-loven, avfallsforskrifta og internkontrollforskrifta
  • Bli kjent med relevante standardar og standardiseringsorganisasjonar, slik som NEK, ISO, IEEE, ITU, IETF 
Kompetansemål 3: Installere, konfigurere og sette i drift informasjons- og kommunikasjonssystem med ulike operativsystem, administrere brukarar, tilgangar og rettar i tråd med definerte behov og automatisere driftsoppgåver og vurdere tiltak for å vareta person- og kommunikasjonssikkerheit

Forslag til oppgåver:  

  • Bli kjent med verksemda sine system for å administrere brukarar og maskinar
  • Oppsett og vedlikehald av datamaskinar
  • Oppsett og vedlikehald av brukarar og maskinar i AD
  • Oppsett og vedlikehald av GPO
  • Bli kjent med koding/skripting for å automatisere oppgåver ved hjelp av CMD og PowerShell
  • Oppsett og drift av klientar, serverar og andre nettverkseiningar
  • Kontroll, overvaking, oppgradering av IKT-løysingane
  • Nytte organisasjonen sine løysingar, slik som Windows serverar med AD, Sharepoint, Azure
  • Beskrive kva for loggfiler som må analyserast både på serverar og klientar for å avdekke kva for Windows oppdateringar som har blitt vellykka installert, og kva for oppdateringar som eventuelt har feila.
Kompetansemål 4: Konfigurere og sette i drift fysiske og virtuelle segmenterte nettverk i tråd med definerte behov, vurdere informasjonssikkerheit i infrastrukturen til nettverk og sette i verk tiltak for å redusere risiko.

Forslag til oppgåver:  

  • Oppsett av valfri virtualiseringsplattform på lab utstyr. Dokumentere med «steg-for-steg» konfigurasjon og beskrive valt oppsett
  • Dokumentere korleis sikkerheita blir varetatt for den einskilde brukar på arbeidsplassen. Kva er den største trusselen?
  • Beskrive korleis informasjonssikkerheit og personsensitiv informasjon blir oppbevart
  • Bli kjent med, og sette opp trådlause nettverk. Dokumentere korleis sikkerheita blir varetatt
  • Forklare forskjellen på ein gateway ruter, trådlaus ruter og eit aksesspunkt
  • Konfigurere switch med VLAN – dokumentere kva og kvifor ein nyttar VLAN
  • Dokumenter og delta på konfigurasjon av ein brannmur
  • Forklare korleis sikkerheita blir varetatt i nettverket til verksemda. Vurdere kva den største trusselen er
Kompetansemål 5: Montere og setje i drift kraftelektronisk utstyr og system for spenningsomforming i informasjons- og kommunikasjonssystem, og gjere greie for oppbygginga og verkemåten

Forslag til oppgåver:  

  • Dokumentere kva ein avbruddsfri straumforsyning (UPS) består av
  • Installere eit overspenningsvern og dokumentere funksjonaliteten
  • Installere og forklare korleis ein Bypass-UPS fungerer
  • Bli kjent med Power over ethernet (PoE), kva for standardar som blir nytta og kva som er fordelen med PoE
Kompetansemål 6: Installere, programmere og setje i drift trådlause sensor- og kommunikasjonssystem med ulik rekkjevidd og lågt straumforbruk, og beskrive eigenskapane til og bruken av ulike trådlause sensor- og kommunikasjonssystem

Forslag til oppgåver:  

  • Bli kjent med, og sette opp trådlause lokalnett (WLAN).  Dokumentere kva for frekvens og kanalar som blir nytta 
  • Bli kjent med og dokumenter protokollen blåtann (Bluetooth) – kva for frekvens som blir nytta, og kva for rekkevidde blåtann har
  • Bli kjent med og dokumentere korleis mobilnettet fungerer.  Forklare forskjellen på 4G og 5G
  • Forklare korleis rekkevidda endrar seg ved dei ulike trådlause systema, kva som gir god rekkevidde og kva som set grenser for ho
Kompetansemål 7: Installere, konfigurere og setje i drift eit nettverksbasert multimediesystem og beskrive bruksområda til ulike typar nettverksbaserte multimediesystem

Forslag til oppgåver:  

  • Dokumentere kva nettverksbasert multimediesystem er og forklar korleis det fungerer
  • Installere, konfigurere og sette i drift eit AV-system som består av kamera, mikrofon, høgtalar og skjerm i tillegg til programvare
  • Forklare kva for ein protokoll videokonferanse nyttar
  • Lage ei rettleiing for oppsett av ein videokonferanse i eit møterom i verksemda
Kompetansemål 8: Programmere mikrokontrollbaserte system og teste, tilpasse og feilrette programma og beskrive prinsippa for strukturert programmering

Forslag til oppgåver:  

  • Bli kjent med, og dokumentere eit mikrokontrollbasert system f. eks: Arduino, Raspberry Pi eller liknande
  • Programmere, teste, tilpasse og feilrette eit mikrokontrollbasert system
  • Forklare kva ein meiner med strukturert programmering og prinsippa for dette
  • Undersøke om det blir nytta mikrokontrollbaserte system i verksemda di
  • Søke etter informasjon om korleis mikrokontrollbaserte system blir nytta i Internet of things- IoT industrien og dokumentere dette
  • Lage ei rettleiing for korleis ein nyttar eit mikrokontrollbasert system
Kompetansemål 9: Reflektere over føresetnadene, verdiane og reglane i bedriftsdemokratiet og det organiserte arbeidslivet og over korleis eit regulert arbeidsliv kan bidra til å motverke arbeidslivskriminalitet, diskriminering og forskjellsbehandling

Forslag til oppgåver: 

  • Sette seg inn i tre-partsamarbeidet - dokumentere og laste opp i OLKWEB
  • Sette seg inn i statens etiske retningsliner - dokumentere og laste opp i OLKWEB
  • Bli kjent med korleis lærebedrifta arbeider etter gjeldande reglar
  • Dokumentere korleis dette påverkar lærlingen sine oppgåver og utføring
Kompetansemål 10: Drøfte etiske dilemma ved val av elektriske produkt og løysingar og diskutere berekraft og konsekvensar av ressursbruk lokalt, regionalt og globalt

Forslag til oppgåver: 

  • Vurdere dei berekraftige tilhøva ved val av produkt og løysingar og sjå på korleis miljøet blir varetatt av leverandørane
  • Dokumentere verksemda sine miljøtiltak når det gjeld reduksjon i forbruk, gjenbruk og resirkulering av IT-utstyr
  • Bli kjent med FNs berekraftmål, og vurdere korleis dette påverkar arbeidskvardagen i verksemda
Kompetansemål 11: Dokumentere eige arbeid med elektronisk utstyr, elektroniske installasjonar og infrastruktur, vurdere arbeidsmetodar, faglege løysingar, kvalitet og estetikk i arbeidsoppdrag og foreslå forbetringar og reflektere rundt moglege endringar

Forslag til oppgåver:  

  • Dokumentere og reflektere over korleis arbeidet ditt bidrar til ei god og effektiv drift av system i verksemda
  • Dokumentere og reflektere over korleis arbeidet ditt bidrar til auka utnytting av verksemda sine tenester
  • Dokumentere og reflektere over korleis arbeidet ditt bidrar til auka bruk av verksemda sine produkt
  • Vurdere korleis din eigen sikkerheit blir varetatt når du arbeider

Reparasjon og vedlikehald

Kompetansemål 12: Planleggje, gjennomføre og dokumentere arbeidsoppdrag i programfaget reparasjon og vedlikehald individuelt og i samarbeid med andre, og grunngi val og vurdere kvaliteten på eige arbeid

Forslag til oppgåver:  

  • Delta i planleggingsmøte for dagleg drift i verksemda og ved support, service og vedlikehald av utstyr og system
  • Gjennomføre og dokumentere verksemda sine rutinar for support og service
  • Lage brukarmanualar for korleis ein reparerer dei vanlegaste feila som kan oppstå
  • Beskrive rutinar for oppgradering av programvare på klientar, serverarar og andre nettverkseiningar
  • Delta på kontroll, overvaking og oppdatering av utstyr og system
  • Vurdere korleis verksemda går fram ved feilsøking og forslå forbetringar
Kompetansemål 13: Risikovurdere arbeid i programfaget reparasjon og vedlikehald og utføre arbeidet effektivt, estetisk og i tråd med gjeldande regelverk, standardar, rettleiingar, teknisk dokumentasjon og aktuelle kvalitetssikrings- og internkontrollsystem

Forslag til oppgåver:  

  • Beskrive kva ein risikoanalyse er og kvifor dette er nødvendig
  • Delta på risikovurdering ved serviceoppdrag – og dokumentere
  • Dokumentere korleis du bruker regelverk for personvern i ditt eige arbeid
  • Bli kjent med på tekniske spesifikasjonar, lover og forskrifter
  • Dokumentere korleis du følgjer lovverket og sikrar informasjon i arbeidet ditt
  • Delta på ein internkontroll
Kompetansemål 14: Utføre arbeidet i tråd med elsikkerheitskrav, utføre livreddande førstehjelp, arbeide i tråd med ergonomiske prinsipp, bruke verneutstyr og drøfte korleis sikkerheitsarbeid kan førebyggje ulykker og skadar

Forslag til oppgåver:  

  • Bli kjent med HMS, interne rutinar ved hendingar, avviksmeldingar
  • Sette deg inn i og dokumentere kjente hendingar av brot på elsikkerheit og konsekvensane av desse
  • Beskrive kva for slags ergonomiske rutinar som gjeld for arbeidsplassen din
  • Beskrive kva slags verneutstyr du nyttar i arbeidet ditt og korleis du nyttar det, og kva for konsekvensar det kan få om verneutstyr ikkje blir nytta
Kompetansemål 15: Utføre systematisk feilsøking i programfaget reparasjon og vedlikehald ved hjelp av eigna måleinstrument og dokumentasjon og vurdere måleresultat opp mot forventa og berekna verdiar

Forslag til oppgåver:  

  • Dokumentere verksemda sine rutinar for feilsøking
  • Vurdere korleis verksemda di går fram ved feilsøking og forslå forbetringar
  • Beskrive kva slags måleinstrument som blir nytta i ei feilsøking (multimeter, oscilloskop og programverktøy (eks. Wifi Analyzer)
Kompetansemål 16: Reparere elektronisk utstyr i programfaget reparasjon og vedlikehald på krinskort- og komponentnivå ved hjelp av eigna verktøy og dokumentasjon, og vurdere kor lang tid reparasjonen vil ta, og kor lønnsamt det vil vere å reparere

Forslag til oppgåver:  

  • Dokumentere verksemda sine rutinar for reparasjonar og vedlikehald av småelektronikk
  • Beskrive kva for slags verktøy som er nødvendig for å reparere på komponentnivå
  • Lage ein kost/nytte-analyse av å reparere kretskort og komponentar i staden for å kjøpe nytt
Kompetansemål 17: Reparere og vedlikehalde datasystem og foreslå tiltak for å unngå tap av lagra informasjon som følgje av reparasjons- og vedlikehaldsarbeidet

Forslag til oppgåver:  

  • Dokumentere verksemda sine rutinar for reparasjonar og vedlikehald av datasystem
  • Dokumentere verksemda sine rutinar for sikring av data, backup-rutinar
  • Beskrive korleis ein kan finne tilbake informasjon som kan ha gått tapt
  • Dokumentere verksemda sine rutinar for overvaking av utstyr/system og foreslå forbetringar
Kompetansemål 18: Reparere og vedlikehalde kraftelektronisk utstyr og system for elektronisk spenningsomforming ved hjelp av eigna verktøy og dokumentasjon og drøfte bruksområde til kraftelektronisk utstyr

Forslag til oppgåver:  

  • Dokumentere verksemda sine rutinar for reparasjonar og vedlikehald av kraftelektronisk utstyr
  • Dokumentere verksemda sine rutinar for reparasjonar og vedlikehald av system for elektronisk spenningsomforming
  • Delta i reparasjonar og vedlikehald og beskrive verktøy som blir nytta
  • Delta på konfigurasjon og installasjon av UPS, og forklare korleis det fungerer
  • Dokumentere verksemda sine rutinar for overvaking av utstyr/system og foreslå forbetringar
  • Teikne og forklare funksjonaliteten til kraftelektronisk utstyr og korleis det blir nytta i verksemda di
Kompetansemål 19: Vurdere og setje i verk tiltak for å hindre elektromagnetisk interferens og for å sikre elektromagnetisk kompatibilitet ved reparasjon og vedlikehald

Forslag til oppgåver:  

  • Dokumentere kva elektromagnetisk interferens er og kva for tiltak verksemda di gjer for å hindre dette
  • Beskrive kva som skjer når elektromagnetisk interferens oppstår
  • Delta i planlegging og oppsett av trådlaust nettverk utan elektromagnetisk interferens
  • Delta i planlegging og kabling av nettverk utan elektromagnetisk interferens
Kompetansemål 20: Kontrollere og vedlikehalde batteri med tilhøyrande ladesystem og gjere greie for farar i samband med arbeid med batteri

Forslag til oppgåver:  

  • Planlegge og delta i arbeid med å vedlikehalde batteri
  • Beskrive kva slags instrument som blir nytta til å måle batteri
  • Beskrive kvifor det er viktig å vareta sikkerheita i arbeidet med batteri
Kompetansemål 21: Reparere og vedlikehalde trådlause sensor- og kommunikasjonssystem med høvesvis kort og lang rekkjevidd og lågt straumforbruk ved hjelp av eigna verktøy, programvare og dokumentasjon

Forslag til oppgåver:  

  • Delta i reparasjons- og vedlikehaldsarbeid av trådlause nettverk
  • Beskrive kva slags verktøy og programvare som er nødvendig i dette arbeidet
Kompetansemål 22: Reparere nettverksbaserte multimediesystem ved hjelp av eigna verktøy og dokumentasjon og gjere greie for korleis systema er bygde opp og fungerer

Forslag til oppgåver:  

  • Delta i reparasjons- og vedlikehaldsarbeid av eit AV-system som består av kamera, mikrofon, høgtalar og skjerm i tillegg til programvare
  • Beskrive kva slags verktøy og programvare som er nødvendig i dette arbeidet
  • Teikne ei nettverksskisse som forklarer korleis eit AV-system fungerer
Kompetansemål 23: Gjennomføre fjerndiagnose og autodiagnose av elektronisk utstyr via elektroniske kommunikasjonsnett og gjere greie for bruk av desse formene for diagnostisering i programfaget

Forslag til oppgåver:  

  • Delta på fjerndiagnose og autodiagnose
  • Beskrive kva slags programvare som er nødvendig i dette arbeidet (eks. RDP, Teamvier)
  • Teikne ei nettverksskisse/boksdiagram som forklarer korleis fjerndiagnose fungerer
Kompetansemål 24: Utforske teknologiar som gjer det mogleg å visualisere prosedyrar for vedlikehald av elektronisk utstyr, og reflektere over korleis bruk av desse teknologiane kan påverke organiseringa og utføringa av reparasjons- og vedlikehaldsarbeid

Forslag til oppgåver: 

  • Halde seg oppdatert på visualiseringsteknologien, og finne bruksområde innan vedlikehaldsarbeid i verksemda
  • Lage ein video som forklarer visualiseringsteknologiar og ulike bruksområde
  • Utarbeide tekniske spesifikasjonar på ein lettfatteleg måte
Kompetansemål 25: Diskutere verdien av å oppleve meistring og stoltheit over eige arbeid og av å oppleve tilhøyrsel og tryggleik i eit arbeidsmiljø uavhengig av kjønn og kultur

Forslag til oppgåver:  

  • Arbeide med service og brukarstøtte for å øve på kommunikasjon med kundar/brukarar
  • Ha samtalar vekevis med fagleg leiar med fokus på meistring og læring
  • Ete lunsj med arbeidskollegaer dagleg
  • Hjelpe til og delta i dei sosiale arrangementa i verksemda
  • Dokumentere og reflektere over korleis arbeidet ditt bidrar til auka trivsel på arbeidsplassen for alle
Kompetansemål 26: Handtere avfall etter eige arbeid miljømessig og økonomisk, drøfte korleis reparasjon av elektronisk utstyr bidreg til at færrast mogleg ressursar går tapt, og slette sensitiv informasjon ved avhending

Forslag til oppgåver: 

  • Forklare kva du gjer med avfallet etter at du er ferdig med reparasjon og vedlikehald av utstyr
  • Dokumentere verksemda sine rutinar knytt til kasting av gamalt utstyr
  • Finne ut kva som skjer med utstyret som blir kasta
  • Beskrive strategien verksemda har for å kaste mindre og ha meir ombruk
  • Dokumentere korleis verksemda sikrar at sensitiv informasjon er sletta når gamalt utstyr blir kasta
Oppdatert: 24. november 2022

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.