Arbeidsgjevarrådet hadde møte 12. november 2021. Desse sakene stod på dagsorden.
- Orienteringssaker frå departementet. Kommunal- og moderniseringsdepartementet orienterte om relevante saker på høyring, oppfylgjing av Arbeidsgjevarrådet sitt innspil om stadsuavhengig arbeid, prolongeringa av Hovedavtalen i staten og arbeidet med å oppnevne nye medlemmer til Arbeidsgjevarrådet.
- Hurdalsplattformen. Overordna gjennomgang av relevante saker frå eit statleg arbeidsgjevarperspektiv.
- Resultat frå Arbeidsgjevarbarometeret hausten 2021. Rådet vart orientert om dei førebelse resultata frå Arbeidsgjevarbarometeret.
- Kompetanse. KMD presenterte utkast til strategisk målbilde for kompetansearbeidet i staten og rådet kom med sine innspel.
- DFØ sitt bidrag til gjennomføring av arbeidsgjevarstrategien. DFØ presenterte status og planer for arbeidet sitt, og rådet kom med sine innspel.
- Medarbeiderunsersøkinga i staten. DFØ presenterte status og framdrift i arbeidet med ny medarbeiderundersøking i staten.
- Leiarlønsutvalet i staten. Representantar frå Arbeidsgjevarrådet er invitert til møte med Leiarlønsutvalet, og rådet ga sine innspel til kva det ville vera aktuelt å ta opp med utvalet.
Det blir utskiftingar i Arbeidsgjevarrådet frå januar 2022. Ny leiar for rådet blir då Seunn Smith-Tønnessen, Universitet i Agder. Rolf Gunnar Jørstad, Norsk pasientskadeerstatning blir ny nestleiar.