Staten og hovudsamanslutningane skreiv under gjeldande IA-avtale 18. desember 2018. Avtalen er forlenga ut 2024.
IA-avtalen som har gjeldt frå 2019, blei 2. november 2022 forlenga ut 2024.
Avtalen gjeld alle verksemder i norsk arbeidsliv. Kommunal- og distriktsdepartementet er part i avtalen, og representerer arbeidsgjevarane i det statlege tariffområdet.
Målet for avtalen er å leggje til rette for at så mange som mogleg kan arbeide så mykje som mogleg, så lenge som mogleg.
Overordna inneheld avtalen konkrete mål knytt til sjukefråver og fråfall frå arbeidslivet.