Har du arbeidstakarar med lange eller hyppige fråvær? Da kan du, i samråd med arbeidstakar, søke om ekspertbistand.
Det nye tilskotet ekspertbistand, som vert nemnt som ei del av IA-avtalen, er no klart.
Tilskotet skal vere med å bidra til å førebygge og redusere sjukefråvær på arbeidsplassen.
Tilskotet er aktuelt der fråværet ikkje vert løyst gjennom vanleg oppfølging frå arbeidsgjevar, eller ved andre tiltak eller støtteordningar.
Meir om tilskot til ekspertbistand (nav.no)
Lurer du på meir om tiltaket? Partane i staten arrangerer frokostmøte torsdag 10. oktober. Fokus er kva slags ordningar statlege verksemder kan nytte seg av i framtida.